Sjå Ane Dahl Torp som desperat mor i den ferske musikkvideoen til "Hjerteknuser"!
Etter at Kaizers storstilte coverkonkurranse fekk sin verdige vinnar denne veka, er det no på tide å ta ein kikk på den rykande ferske videoen til deira eigen versjon av "Hjerteknusar". Låta er fyrste singel frå albumet Violeta,Violeta Volum I, det fyrste i ein planlagt triologi. Videoen introduserer oss for historia som kjem til å gå som ein blodraud tråd gjennom alle albuma, fortel vokalist Janove Ottesen:
- Violeta, Violeta fortel historia om Violeta og hennar foreldre Kenneth og Beatrice. Då Violeta var 7 år gamal tok faren ho med seg og rømmer vekk frå mora, som i si sorg gret ei bøtte tårer kvart einaste år.
Sju bøtter seinare er Beatrice framleis på leiting etter si bortrøva dotter, og "Hjerteknuser" skildrar lengeselen og fortvilinga ho føler. I videoen møter me Ane Dahl-Torp i rolla som den vodkshottande og pumpeorgelspelande Beatrice. Ottesen seier han er nøgd med arbeidsfordelinga under innspeling.
- Ho tok den verste støyten, med grining og sjølvpåtenning og alt det der. Me er jo vane med å stå i havgapet og frysa fingrane av oss i dress når me spelar inn video, så for oss var dette ein uvanleg behageleg situasjon.
Ikkje alle element i videoen gjer meining - endå. Ottesen fortel at dei har spelt på delar av historia som ikkje endå er rulla opp.
- Mykje av det du ser er knytt opp mot hendingar som ikkje har funne stad endå. Etter at det fyrste albumet kjem ut 31. januar vil ein forstå meir.
11.11.2011 er det premiere på musikalen "Sonny" på Rogaland Teater, der Kaizers står for musikk og Tore Renberg for manus. Det teatralske bakteppet til Violeta, Violeta er også umiskjenneleg kaizersk, og Ottesen utelukkar ikkje å ta Violeta, Kenneth og Beatrice med seg på scena.
- Me drømmer om at det skal bli eit teaterstykke av det - eller ein film.
Fram til den tid får ein gleda seg til Kaizers Orchestra live i Oslo Spektrum:
- Den 9. april 2011 gjentek historia seg: Me kjem rett frå Tyskland, for å ta over Oslo.